torsdag 30. oktober 2008

Refleksjonar etter GLSM-prosjektet!

Kva har eg lært? Eg synest alltid det er vanskeleg å setja ord på kva eg har lært. Men eg får prøva å ta det i frå byrjinga.
GLSM perioden fekk ein dårleg start, fordi me hadde det så travelt i praksisperioden at eg ikkje fekk tenkt på prosjektet i det heile. Derfor hadde me ikkje problemstillinga klar då me hadde det fyrste rettleiingsmøtet. Etter det møtet, bestemte me oss for å forska på noko anna enn det me i utgongspunktet hadde tenkt. Me enda opp med å forska på kva ulike strategiar elevane i 2. trinn nyttar i addisjon og subtraksjon. Det har vore både spanande og interessant å jobba med. Eg har fått meir innblikk i kva som er viktig å fokusera på i den grunnleggjande matematikkopplæringa. Det er blant anna viktig å hugsa at det ikkje alltid er like lett for elevane å overføra at du har to ting og får to til, er det same som 2+2 på papiret. Her er det viktig å gjera overgangen deira lettare, ved t.d å nytta konkretar. Å læra elevane ulike omgrep, er òg viktig. Då må me arbeida med å gjera dei matematiske omgrepa om frå 2. ordensspråk til 1. ordensspråk for elevane.

Me har erfart at den tradisjonelle matematikkundervisninga som ein ser i skulen, ikkje alltid fører til den beste matematikkforståinga for alle elevane. Det same gjeld lærebøkene, dei fokuserar kanskje for mykje på figurativ kunnskap. Det er viktig med variasjon, og at elevane får kjennskap til å arbeida med problemløysingsoppgåver og undersøkingslandskap. Då vil dei kanskje få ein meir operasjonell kunnskap. Her ligg det store utfordringar til oss som om ei stund skal ut i skulen!
Gruppearbeidet i praksisgruppa har fungert fint. Me er berre to på gruppa. Noko som av og til kan vera både ein fordel og ein bakdel. Det har ikkje vore ”heftige” diskusjonar. For me vert som regel fort einige om det meste! Arbeidet har vore jamnt fordelt, trur eg.
No ser eg fram til nokre veker med vanleg undervisning, og mykje sosial omgang med klassen!

1 kommentar:

Grethe Myhre sa...

Takk for godt samarbeid, Anna Kristin! Me har lært mykje, ikkje sant!
No trur me alle gler oss til litt "vanlege" dagar. Men først får du slappa av litt i helga. Eg har - som du veit - nokre blogg-innlegg å skriva. :)