lørdag 15. november 2008

Innlegg 5/desember 2008







Etter å ha vore på besøk hjå Statped Vest, fann eg ut at eg ville skriva om taleflytvanskar. Det var noko eg ikkje visste så mykje om frå før. Og noko eg kunne tenkja meg å få litt meir innsikt i. Taleflytvanskar vert rekna som fellesomgrep for løpsk tale og stamming. Løpsk tale hadde eg ikkje høyrt om i det heile, så det er fokuset mitt i dette innlegget. Men fyrst litt generelt om språk.

Språket er noko av det aller viktigaste barnet lærer seg i førskulealderen. Utan eit språk som fungerer, er det vanskeleg å delta aktivt saman med andre. Ved hjelp av språket får barnet uttrykt behova sine, koma med ynskje, beskriva kjensler og tenkja tankar. Barnet nyttar språket aktivt når det skal skaffa seg kunnskapar og dugleikar det har bruk for i dagleglivet. Slik får barnet etterkvart eit ordforråd, og dei lærer å beherska grunnleggjande setningsppbygging. Dei må vita korleis dei skal opptre i ulike kommunikasjonssituasjonar. Nesten alt på skulen føregår ved hjelp av språket, og læraren underviser fyrst og fremst ved hjelp av tale og skrift. Språket er òg viktig for psykisk helse. Dei som strevar med å bruka språket, vil ofte vera utsett for ulike former for psykiske problem. Språkutviklinga skjer heile tida frå barnet vert fødd. I starten er dette eit ikkje-språkleg samspel. Det er stor variasjon i kor fort språkutviklinga går. Dei fleste barn vil utvikla gode språkdugleikar i førskulealderen. Dersom foreldre, førskulelærarar eller lærarar er bekymra for språkutviklinga til eit barn, bør dei rådføra seg med PPT, eller andre som har kunnskap om språkutvikling hjå barn. (Kristiansand Kommune)







Kva er løpsk tale?
Løpsk tale er ei rytmeforstyrring av talen, sannsynlegvis på grunn av ein nevrologisk svikt. Symptoma er talehastverk, ein durer i veg og snakkar i eitt kjør, utan å lytta til andre. Løpsk tale er nesten dobbelt så vanleg som stamming. Tilstanden har vore kjent i minst 150 år, men ikkje før i dei siste tiåra har det vore ein eigen diagnose på denne tilstanden. Ca. 100.000 personar i Norge i dag har løpsk tale. Tilstanden er merkbar i frå barnet byrjar å snakka.
Undersøkingar viser at gutar og menn er meir utsett enn jenter og damer. Løpsk tale har òg ein viss arveleg faktor. Slik at ein far som stammar, kan få ein son som har løpsk tale. (Helsenytt)

Løpsk tale har fleire likskapstrekk med stamming, begge deler er rytmeforstyrringar av talen på grunn av nevrologisk svikt. Skilnaden er på det kjenslemessige og kommunikasjonen. Ein som stammar er som regel brydd, flau, plaga og sårbar. Og ein som stammar er veldig merksam på stamminga, og vert nervøs. Det vert mykje verre under press.
Dei som har løpsk tale er gjerne sorglause, kameratslege, utålmodige, impulsive og gløymer fort. Dei er lite merksame på taleflytvansken sin, og snakkar betre under press. Så det kan sjå ut som om dei klarar å skjerpa seg i enkelte situasjonar. (Helsenytt)

Kjenneteikn på løpsk tale
Talehastverk, snakkar fort, kuttar endingar og småord, og snublar i orda.
Dei snakkar i eit uregelmessig taletempo, og er springande i tankegangen.
Kan utelata stavingar og lydar.
Kan ha oppattakingar av stavingar, ord eller ordgrupper.
Har uorganisert setningsstruktur og vanskar med merksemdsfokusering.
Har mangelfull oppleving av og innsikt i eige problem.
(Helsenytt)

Løpsk tale kan derfor føra til vanskar i skulesituasjonen, blant anna i høve til lesing, skriving og åtferd. (Statped)








Kjenneteikn på stamming
Oppattaking av språklydar og/eller stavingar, forlenging av lyd- og artikulasjonsstilling (artikulasjon=uttale) og stans i stemmeproduksjonen. Talen verkar ofte anstrengt. Stamming byrjar hjå dei fleste i alderen 2-5år. Som regel vert stamming utvikla gradvis, ein sjeldan gong kan det koma brått. Der er vanleg at stamming opptrer periodisk, og at den som stammar kan ha kortare eller lengre periodar med flytande tale. 5-10% av småbarn stammar. 1% av 11-åringane stammar. 0,7% av dei vaksne stammar. (Statped)

Korleis kan skulen hjelpa elevar med løpsk tale?

I kvardagen må me hjelpa dei med, og læra dei til å få struktur og oversikt.
Me må hjelpa dei med å få venner, fordi dei er lite sosialt kompetente. Dei veit ikkje alltid korleis dei skal få kontakt med andre. Og dei er dårlege til å lesa kroppsspråk og mimikk.
Me må hjelpa dei til å retta merksemda mot lyttaren, ved å rosa dei når dei snakkar tydeleg. Og be dei om å seia noko oppatt, viss me ikkje forstår kva dei seier.
Me må læra dei å lesa høgt. Gjennom lesing kan dei få redusert talefarten ved å fokusera på naturlege stopp i teksten, slik som avsnitt, punktum og komma. Dei kan òg få redusert den stadige utfyllinga av pausar (ææ,umm) som er karakteristisk for talen deira. (Helsenytt)
Skulen skal henvisa barn til PPT-tenesta eller ein privatpraktiserande logoped. Så kan dei formidla vidare kontakt med eit kompetansesenter.

Fagfolk er litt ueinige om korleis ein skal definera løpsk tale. Nokon meiner at me kan dela løpsk tale inn i to ulike kategoriar:

- Den klassiske varianten, med ”berre” talehastverk.
- Den meir samansette varianten, der andre ting kjem i tillegg til talehastverk. Som t.d. lese- og skrivevanskar, rastløyse, impulsivitet, merksemdssvikt, og mangel på rytme og musikalitet.

Er det samanheng mellom løpsk tale og ADHD?

Løpsk tale er eit samansett problem, og grensar mot mange andre lidingar som språk-og uttaleproblem (dysleksi), innlæringsvanskar og ADHD. Det er fleire likskapstrekk med løpsk tale og ADHD. Som t.d. talehastverk, vanskar med å konsentrera seg lenge om ein ting, og at dei ikkje er merksame på at andre ikkje forstår dei. Utfordringane vert derfor òg like.
”Mange av barna som kommer til Logopedisk Senter i Nordland (LSN) og får ”diagnosen” Løpsk Tale har allerede fått diagnosen AD/HD,” sier logoped Anne S. Kvaløy ved LSN. (Skolenettet)


Her kjem ei gladsak som viser at det er håp:
Behandling nytter
- Jeg har interessert meg for løpsk tale fordi jeg har sett at behandling hjelper, sier Ragnhild Rekve Heitmann. – For en tid tilbake skulle jeg hjelpe en lærerstudent som holdt på å stryke i praksis, det var Lærerhøyskolen som bad ham oppsøke Statped Vest. Å være vitne til den forandringen som skjedde med denne unge mannen var fantastisk. Han skjønte ikke at folk ikke forsto ham. Vi begynte med å arbeide med lydopptak som han måtte transkribere. Det var denne biten som motiverte ham for å ta fatt i problemene, for som han sa: ”Jeg forstår jo ikke hva jeg selv sier!” Ved å lytte til og skrive ned det han hadde sagt, bla. hvordan han fylte ut alle naturlige pauser med ææ og hm, fikk han en språklig bevissthet om hvordan en tekst deles opp i avsnitt, avsnitt i setninger og setninger i under- og oversetninger – noe som hadde vært helt borte hos ham i muntlig fremstilling. Når han snakket, hadde det tidligere gått i ett. Ved å gripe fatt i problemet, greidde han å forstå og lære en ny måte å snakke på. Og han sto i praksis.


Mine tankar om temaet, er at lærarar må ha nok kunnskap slik at dei kan oppdaga elevar med taleflytvanskar tidleg, og iverksetja tiltak. Sidan taleflytvanskar oppstår i samband med utviklinga av språket, er det gjerne barnehagen som bør ha fanga dette opp. Eller kanskje fyrst og fremst foreldra til barnet. Viss ein lærar er bekymra for språkutviklinga til ein elev, må skulen ta kontakt med fagfolk. Det er betre å senda ein elev for mykje til PPT, enn at ein ikkje bryr seg, meiner eg. Heller det, enn at ein trur at dette er eit problem som vil gå over av seg sjølv. Viss det går lang tid før eleven får hjelp, vil kanskje problemet i tillegg ha vokse seg større. Det beste er som regel å få hjelp så tidleg som mogeleg.
Slik eg ser det, vil den største utfordringa med barn som har løpsk tale, vera at dei ikkje ser sjølv at det er dei som har problem. Dei trur det er alle andre det er noko gale med. Her kan det nok verta mange misforståingar. Med slike kommunikasjonsproblem, kan det verta vanskeleg i mange sosiale samanhengar. Dette er noko læraren må ta opp i heile klassen, gjerne i samband med sosial kompetanse. Min erfaring er at elevar godtek at nokre elevar er annleis. Det er derfor viktig at læraren seier korleis dei kan ta omsyn til elevar med løpsk tale.

Kjelder:
http://www.helsenytt.no/artikler/tale_loepsk.htm (Lese 10.11.08)
http://kristiansand.kommune.no/_bin/316C7A52-30D2-4185-836F-C9896F5B87D7.doc
(Lese 11.11.08)
http://www.skolenettet.no/moduler/templates/Module_Article.aspx?id=38713&epslanguage=NO (Lese 10.11.08)
http://www.statped.no/moduler/templates/Module_Article.aspx?id=18056&epslanguage=NO (Lese 10.11.08)

søndag 9. november 2008

Innlegg 4/november 2008

Heim og skule i samarbeid!








Opplæringslova slår fast at foreldra har ansvar for at barnet lærer og for oppsedinga av barnet. Skulen skal vera ein hjelpar for foreldra. Derfor har foreldre og føresette eit stort ansvar for barnet si utvikling. Saman med leiinga og lærarane ved skulen har dei eit medansvar for å skapa ein god skule og eit godt oppvekstmiljø. (Frislid & Traavik, 2006)
Barn som får støtte, oppmuntring og hjelp heima, har store fordelar på skulen. Den beste måten foreldra kan hjelpa til på, er å visa interesse for barnet og det barnet gjer på skulen. Før skulestart treng ikkje barnet å kunna så mykje om det ein arbeidar med på skulen. Langt viktigare er det at barnet er i stand til å observera, undra seg og meistra ting med fingrane. Det som kan øvast opp er mellom anna kunnskapstørst og observasjonsevna. Det er òg viktig å oppmuntra barnet til å vera uthaldande når det skal løysa oppgåver eller teikna. Å venja seg til å fullføra eit arbeid er skuleførebuing på sitt beste. Foreldra er dei viktigaste førebileta for barnet. Gjer noko saman med barnet som ein òg likar sjølv. På den måten kan ein formidla glede og interesse, og entusiasmen kan smitta over på barnet. (Grue & Fatland, 2003)

Skulen er pliktig til å halda eitt klasseforeldremøte, og innby til to konferansetimar/utviklingssamtalar i løpet av eitt skuleår. Skulen skal i tillegg sørgja for skriftleg eller munnleg kontakt mellom heim og skule når det er behov for det. (Grue & Fatland, 2003)

Det fyrste klasseforeldremøtet bør koma så tidleg som mogeleg etter skulestart. Her skal læraren presentera rutinar og dei ulike planane framover, som t.d. årsplanen. Informasjon om tema og ulike arbeidsmåtar kjem inn her. Det er då svært viktig å grunngje kvifor ein vel å gjera det på dei ulike måtane. Lærarar på 1. trinnet bør informera om kva grunnleggjande lese-, skrive og matematikkopplæring dei arbeider ut i frå. (Frislid & Traavik, 2006) Læraren må ta opp kva krav som vert stilte til arbeidsvanar og sosial læring, og korleis desse krava kan fylgjast opp heima.

Her er nokre tema som kan vera aktuelle å ta opp på eit klasseforeldremøte:

Dei fleste skular har fadderordning, då er det naturleg å informera om kva det går ut på. Det høyrer innunder skulen sitt tryggleiks- og tilhøyringstiltak. (Frislid & Traavik, 2006) Fadderordninga vert som regel organisert slik at elevane på eit eldre årstrinn får ansvar og oppgåver som dei skal gjera saman med elevane på 1. trinn. Dette kan t.d. vera som å fylgja fadderbarnet på skulebussen, eller lesa ei bok for fadderbarnet sitt i ein skuletime.

Viss skulen er med i eit mobbeførebyggjande arbeid, er det naturleg at foreldra får informasjon om dette. (Frislid & Traavik, 2006)

Vidare er det viktig at foreldra får informasjon om at dei kan søkja om fritak for barnet sitt i faget RLE. Opplæringslova slår fast at RLE-faget er eit ordinært skulefag for alle elevar i grunnskulen. Undervisninga i faget skal ikkje vera forkynnande. Dersom foreldra ut frå eigen religion, eller eige livssyn, opplever noko som utøving av ein annan religion eller tilslutning til eit anna livssyn, kan dei søkja om fritak for eleven frå deler av undervisninga. (Grue & Fatland, 2003)

Opplæringslova seier at kommunane skal gje tilbod om skulefritidsordning (SFO) før og etter skuletid for elevar i 1.-4. trinn. SFO skal leggja til rette for leik og kultur- og fritidsaktivitetar som er tilpassa føresetnadane, alderen, interessene og behovet til det einskilde barnet. Nokre stader har dei SFO i skuleferiar, og ellers når det ikkje er skule. Her kan ein informera om opningstider og prisar. (Grue & Fatland, 2003)

Elevar i 2.-10. trinn som bur meir enn fire kilometer frå skulen, har rett på gratis skuleskyss. For elevar i 1. trinn, er grensa for skuleskyss to kilometer. Elevar som har særleg farleg skuleveg, og elevar med funksjonshemming, har rett til gratis skuleskyss same kor lang skuleveg dei har. (Grue & Fatland, 2003)

Val av klassekontaktar er fast post på foreldremøtet. Klassekontakane skal vera eit bindeledd mellom heim og skule. Dei vert valt for eitt år, og kan ta opp saker som gjeld heile klassen, med evt. lærarar eller administrasjonen. Her må ein understreka at foreldra kan ta direkte kontakt med læraren sjølv. Dei er det aller viktigaste bindeleddet til skulen. Klassekontaktane skal dra i gong to aktivitetar for heile klassen i løpet av det året dei er valt for. Dette er noko alle foreldra har ansvar for åleina, utan at læraren deltek. Døme på slike aktivitetar kan vera bowling, badetur, laga refleksløypa i skogen osv.. Dette kan vera svært positivt for klassemiljøet, og kan kanskje vera med på å førebyggja mobbing.

Alle foreldra er automatisk medlemmer av foreldrerådet ved skulen. Alle klassekontaktane på heile skulen til saman, utgjer arbeidsutvalet til foreldreutvalet. (FAU) Foreldrerådet skal arbeida for fellesinteressene som foreldra har. I tillegg til å vera med i arbeidet med å fremja eit godt og trygt skulemiljø og arbeida for å utvikla eit godt samarbeid mellom heim, skule og lokalsamfunn. FAU vel to medlemmer til samarbeidsutvalet ved skulen (SU). Samarbeidsutvalet skal ha to representantar frå undervisnngspersonalet, ein frå dei andre tilsette, to frå foreldrerådet, to frå elevrådet, og to frå kommunen, der den eine er rektor. SU har rett til å uttala seg i alle saker som gjeld skulen. Slik har foreldra fått høve til større innverknad i skulen. (Grue & Fatland, 2003)

Lærarar har teieplikt om det foreldra ynskjer å snakka om. Skulen skal hjelpa til med å ta kontakt med helsetenesta eller den pedagogisk-psykologiske tenesta (PPT), om det er ynskjeleg. Skulehelsetenesta er ein obligatorisk del av helsetenesta i kommunen. Formålet med denne tenesta er å fremja god helse hjå skulebarn og å førebyggja helseskadar. Skulehelsetenesta skal mellom anna gjera medisinske undersøkingar og samarbeida med skulen og heimen om førebyggjande helsearbeid. Det gjeld alt frå vaksinasjonar til opplysningsarbeid. PPT skal gje råd og hjelp til eleven, foreldra og lærarane når ein elev har særlege behov. Fagpersonalet skal hjelpa til slik at kvar elev får gode læringsvilkår og ei undervising som er tilpassa dei evna og føresetnadene eleven har. Dersom skulen ynskjer at eit barn skal visast til PPT, må foreldra vera einige i at det skjer. Etter ein innleiande samtale kan foreldra avgjera om dei ynskjer å halda fram med fleire samtalar. Der kan òg vera aktuelt med testar eller observasjon av barnet åleina eller i klasserommet for å finna årsaka til problemet. Og for å koma med forslag til tiltak. Det vert lagt stor vekt på å samarbeida med læraren og foreldra om tiltak og eventuelle tilpassa opplegg. Ved spesielle vanskar kan PPT tilrå spesialundervisning. (Grue & Fatland, 2003)

Det skal vera utviklingssamtale/konferansetime ein gong i halvåret. Det er vanleg at eleven er med. Her får foreldra informasjon om korleis eleven arbeider med det faglege på skulen, i tillegg til korleis eleven fungerer sosialt. Resultat frå eventuelle prøvar vert presentert. Eleven har på førehand kryssa av i eit skjema om korleis han trivest på skulen, og korleis han likar dei ulike faga. Læraren går i gjennom skjemaet i fellesskap med eleven og foreldra. Foreldra og læraren skal òg mellom anna drøfta korleis foreldra og skulen saman kan fylgja opp læringa og trivselen til eleven best mogeleg. Om det er noko spesielt foreldra ynskjer å ta opp, er det naturleg å gjera det her. Samtalen vert som regel avslutta med å setja opp eit personleg mål som eleven skal arbeida med vidare.



Avslutningsvis vil eg ta med 12 gode råd som skulen bør gje til alle foreldre:

1. Gje barnet eit positivt inntrykk av skulen. La barnet oppleva at de har ei positiv haldning til skulen.

2. La barnet trena på å greia seg sjølv. Gje barnet mot til gradvis å greia seg meir på eiga hand.


3.Gje barnet oppmuntring og ros. Finn fram til dei sterke sidene til barnet, og gje det ros for alt det får til.


4. La barnet oppleva klare og gode reglar. Og logiske konsekvensar dersom det bryt reglane.


5. Følg med på korleis barnet trivst. Trivsel er ein føresetnad for læring.


6. La barnet få ansvar. Gjennom praktiske oppgåver heima lærer barnet å verta sjølvstendig og å ta ansvar.


7. Hjelp barnet til å læra folkeskikk og samspel med andre. Hugs at barn lærer meir av det meg gjer, enn det me seier.


8. Les, leik og syng saman med barnet. Dette er svært viktig for barnet si utvikling.


9. Følg opp skulearbeidet til barnet. Snakk med barnet om opplevingar det har hatt i løpet av skuledagen.


10. Gje barnet klåre rammer for mediebruk. Følg med på kva barnet ser, og øv opp den kritiske evna til å vurdera det ein ser.


11. Lær barnet godt kosthald. Pass på at barnet et ein god frukost.


12. Sørg for praktiske klede og høveleg utstyr. Følg med på meldingar i frå skulen om kva barnet treng av påkledning ved ulike aktivitetar.

(Grue & Fatland, 2003)

Mine refleksjonar:
Det er viktig at me som lærarar har eit godt samarbeid med foreldra, fordi det er deira barn og foreldra er ”best” på sine barn. Tillitsforholdet bør vera gjensidig. Læraren må gje foreldra beskjed viss det er noko spesielt som hender på skulen som vedrører deira barn. Samstundes må foreldra gje melding til skulen om forhold som kan ha innverknad på barnet. Døme på dette kan vera død, eller sjukdom i heimen, eller skilsmisse. Dette er viktig for at læraren skal kunna hjelpa og støtta eleven i vanskelege situasjonar. Og slik at læraren skal forstå eventuelle reaksjonar hjå eleven.

Eg har alltid syntest at det har vore interessant å fylgja med mine eigne barn i skulearbeidet deira. Slik har eg oppdaga om barnet har fått med seg det dei arbeider med på skulen. Då kan eg fanga opp om det er noko særskilt barnet slit med, og kanskje treng litt ekstra trening i heima. Derfor har eg vanskeleg å forstå dei foreldra som ikkje fylgjer opp barnet sitt. Dei veit nemleg ikkje kva dei går glipp av. Likevel veit eg at det alltid vil vera elevar i skulen som kunne fått betre oppfylgjing heima.




Kjelder:
Frislid Martha Elvina & Traavik Hilde, Boka om GLSM, Universitetsforlaget 2006
Grue Eiliv & Fatland Torunn, God skulestart, HS Grafiske bedrifter, 2003
Opplæringslova:
http://www.lovdata.no/all/nl-19980717-061.html