søndag 9. november 2008

Innlegg 4/november 2008

Heim og skule i samarbeid!








Opplæringslova slår fast at foreldra har ansvar for at barnet lærer og for oppsedinga av barnet. Skulen skal vera ein hjelpar for foreldra. Derfor har foreldre og føresette eit stort ansvar for barnet si utvikling. Saman med leiinga og lærarane ved skulen har dei eit medansvar for å skapa ein god skule og eit godt oppvekstmiljø. (Frislid & Traavik, 2006)
Barn som får støtte, oppmuntring og hjelp heima, har store fordelar på skulen. Den beste måten foreldra kan hjelpa til på, er å visa interesse for barnet og det barnet gjer på skulen. Før skulestart treng ikkje barnet å kunna så mykje om det ein arbeidar med på skulen. Langt viktigare er det at barnet er i stand til å observera, undra seg og meistra ting med fingrane. Det som kan øvast opp er mellom anna kunnskapstørst og observasjonsevna. Det er òg viktig å oppmuntra barnet til å vera uthaldande når det skal løysa oppgåver eller teikna. Å venja seg til å fullføra eit arbeid er skuleførebuing på sitt beste. Foreldra er dei viktigaste førebileta for barnet. Gjer noko saman med barnet som ein òg likar sjølv. På den måten kan ein formidla glede og interesse, og entusiasmen kan smitta over på barnet. (Grue & Fatland, 2003)

Skulen er pliktig til å halda eitt klasseforeldremøte, og innby til to konferansetimar/utviklingssamtalar i løpet av eitt skuleår. Skulen skal i tillegg sørgja for skriftleg eller munnleg kontakt mellom heim og skule når det er behov for det. (Grue & Fatland, 2003)

Det fyrste klasseforeldremøtet bør koma så tidleg som mogeleg etter skulestart. Her skal læraren presentera rutinar og dei ulike planane framover, som t.d. årsplanen. Informasjon om tema og ulike arbeidsmåtar kjem inn her. Det er då svært viktig å grunngje kvifor ein vel å gjera det på dei ulike måtane. Lærarar på 1. trinnet bør informera om kva grunnleggjande lese-, skrive og matematikkopplæring dei arbeider ut i frå. (Frislid & Traavik, 2006) Læraren må ta opp kva krav som vert stilte til arbeidsvanar og sosial læring, og korleis desse krava kan fylgjast opp heima.

Her er nokre tema som kan vera aktuelle å ta opp på eit klasseforeldremøte:

Dei fleste skular har fadderordning, då er det naturleg å informera om kva det går ut på. Det høyrer innunder skulen sitt tryggleiks- og tilhøyringstiltak. (Frislid & Traavik, 2006) Fadderordninga vert som regel organisert slik at elevane på eit eldre årstrinn får ansvar og oppgåver som dei skal gjera saman med elevane på 1. trinn. Dette kan t.d. vera som å fylgja fadderbarnet på skulebussen, eller lesa ei bok for fadderbarnet sitt i ein skuletime.

Viss skulen er med i eit mobbeførebyggjande arbeid, er det naturleg at foreldra får informasjon om dette. (Frislid & Traavik, 2006)

Vidare er det viktig at foreldra får informasjon om at dei kan søkja om fritak for barnet sitt i faget RLE. Opplæringslova slår fast at RLE-faget er eit ordinært skulefag for alle elevar i grunnskulen. Undervisninga i faget skal ikkje vera forkynnande. Dersom foreldra ut frå eigen religion, eller eige livssyn, opplever noko som utøving av ein annan religion eller tilslutning til eit anna livssyn, kan dei søkja om fritak for eleven frå deler av undervisninga. (Grue & Fatland, 2003)

Opplæringslova seier at kommunane skal gje tilbod om skulefritidsordning (SFO) før og etter skuletid for elevar i 1.-4. trinn. SFO skal leggja til rette for leik og kultur- og fritidsaktivitetar som er tilpassa føresetnadane, alderen, interessene og behovet til det einskilde barnet. Nokre stader har dei SFO i skuleferiar, og ellers når det ikkje er skule. Her kan ein informera om opningstider og prisar. (Grue & Fatland, 2003)

Elevar i 2.-10. trinn som bur meir enn fire kilometer frå skulen, har rett på gratis skuleskyss. For elevar i 1. trinn, er grensa for skuleskyss to kilometer. Elevar som har særleg farleg skuleveg, og elevar med funksjonshemming, har rett til gratis skuleskyss same kor lang skuleveg dei har. (Grue & Fatland, 2003)

Val av klassekontaktar er fast post på foreldremøtet. Klassekontakane skal vera eit bindeledd mellom heim og skule. Dei vert valt for eitt år, og kan ta opp saker som gjeld heile klassen, med evt. lærarar eller administrasjonen. Her må ein understreka at foreldra kan ta direkte kontakt med læraren sjølv. Dei er det aller viktigaste bindeleddet til skulen. Klassekontaktane skal dra i gong to aktivitetar for heile klassen i løpet av det året dei er valt for. Dette er noko alle foreldra har ansvar for åleina, utan at læraren deltek. Døme på slike aktivitetar kan vera bowling, badetur, laga refleksløypa i skogen osv.. Dette kan vera svært positivt for klassemiljøet, og kan kanskje vera med på å førebyggja mobbing.

Alle foreldra er automatisk medlemmer av foreldrerådet ved skulen. Alle klassekontaktane på heile skulen til saman, utgjer arbeidsutvalet til foreldreutvalet. (FAU) Foreldrerådet skal arbeida for fellesinteressene som foreldra har. I tillegg til å vera med i arbeidet med å fremja eit godt og trygt skulemiljø og arbeida for å utvikla eit godt samarbeid mellom heim, skule og lokalsamfunn. FAU vel to medlemmer til samarbeidsutvalet ved skulen (SU). Samarbeidsutvalet skal ha to representantar frå undervisnngspersonalet, ein frå dei andre tilsette, to frå foreldrerådet, to frå elevrådet, og to frå kommunen, der den eine er rektor. SU har rett til å uttala seg i alle saker som gjeld skulen. Slik har foreldra fått høve til større innverknad i skulen. (Grue & Fatland, 2003)

Lærarar har teieplikt om det foreldra ynskjer å snakka om. Skulen skal hjelpa til med å ta kontakt med helsetenesta eller den pedagogisk-psykologiske tenesta (PPT), om det er ynskjeleg. Skulehelsetenesta er ein obligatorisk del av helsetenesta i kommunen. Formålet med denne tenesta er å fremja god helse hjå skulebarn og å førebyggja helseskadar. Skulehelsetenesta skal mellom anna gjera medisinske undersøkingar og samarbeida med skulen og heimen om førebyggjande helsearbeid. Det gjeld alt frå vaksinasjonar til opplysningsarbeid. PPT skal gje råd og hjelp til eleven, foreldra og lærarane når ein elev har særlege behov. Fagpersonalet skal hjelpa til slik at kvar elev får gode læringsvilkår og ei undervising som er tilpassa dei evna og føresetnadene eleven har. Dersom skulen ynskjer at eit barn skal visast til PPT, må foreldra vera einige i at det skjer. Etter ein innleiande samtale kan foreldra avgjera om dei ynskjer å halda fram med fleire samtalar. Der kan òg vera aktuelt med testar eller observasjon av barnet åleina eller i klasserommet for å finna årsaka til problemet. Og for å koma med forslag til tiltak. Det vert lagt stor vekt på å samarbeida med læraren og foreldra om tiltak og eventuelle tilpassa opplegg. Ved spesielle vanskar kan PPT tilrå spesialundervisning. (Grue & Fatland, 2003)

Det skal vera utviklingssamtale/konferansetime ein gong i halvåret. Det er vanleg at eleven er med. Her får foreldra informasjon om korleis eleven arbeider med det faglege på skulen, i tillegg til korleis eleven fungerer sosialt. Resultat frå eventuelle prøvar vert presentert. Eleven har på førehand kryssa av i eit skjema om korleis han trivest på skulen, og korleis han likar dei ulike faga. Læraren går i gjennom skjemaet i fellesskap med eleven og foreldra. Foreldra og læraren skal òg mellom anna drøfta korleis foreldra og skulen saman kan fylgja opp læringa og trivselen til eleven best mogeleg. Om det er noko spesielt foreldra ynskjer å ta opp, er det naturleg å gjera det her. Samtalen vert som regel avslutta med å setja opp eit personleg mål som eleven skal arbeida med vidare.



Avslutningsvis vil eg ta med 12 gode råd som skulen bør gje til alle foreldre:

1. Gje barnet eit positivt inntrykk av skulen. La barnet oppleva at de har ei positiv haldning til skulen.

2. La barnet trena på å greia seg sjølv. Gje barnet mot til gradvis å greia seg meir på eiga hand.


3.Gje barnet oppmuntring og ros. Finn fram til dei sterke sidene til barnet, og gje det ros for alt det får til.


4. La barnet oppleva klare og gode reglar. Og logiske konsekvensar dersom det bryt reglane.


5. Følg med på korleis barnet trivst. Trivsel er ein føresetnad for læring.


6. La barnet få ansvar. Gjennom praktiske oppgåver heima lærer barnet å verta sjølvstendig og å ta ansvar.


7. Hjelp barnet til å læra folkeskikk og samspel med andre. Hugs at barn lærer meir av det meg gjer, enn det me seier.


8. Les, leik og syng saman med barnet. Dette er svært viktig for barnet si utvikling.


9. Følg opp skulearbeidet til barnet. Snakk med barnet om opplevingar det har hatt i løpet av skuledagen.


10. Gje barnet klåre rammer for mediebruk. Følg med på kva barnet ser, og øv opp den kritiske evna til å vurdera det ein ser.


11. Lær barnet godt kosthald. Pass på at barnet et ein god frukost.


12. Sørg for praktiske klede og høveleg utstyr. Følg med på meldingar i frå skulen om kva barnet treng av påkledning ved ulike aktivitetar.

(Grue & Fatland, 2003)

Mine refleksjonar:
Det er viktig at me som lærarar har eit godt samarbeid med foreldra, fordi det er deira barn og foreldra er ”best” på sine barn. Tillitsforholdet bør vera gjensidig. Læraren må gje foreldra beskjed viss det er noko spesielt som hender på skulen som vedrører deira barn. Samstundes må foreldra gje melding til skulen om forhold som kan ha innverknad på barnet. Døme på dette kan vera død, eller sjukdom i heimen, eller skilsmisse. Dette er viktig for at læraren skal kunna hjelpa og støtta eleven i vanskelege situasjonar. Og slik at læraren skal forstå eventuelle reaksjonar hjå eleven.

Eg har alltid syntest at det har vore interessant å fylgja med mine eigne barn i skulearbeidet deira. Slik har eg oppdaga om barnet har fått med seg det dei arbeider med på skulen. Då kan eg fanga opp om det er noko særskilt barnet slit med, og kanskje treng litt ekstra trening i heima. Derfor har eg vanskeleg å forstå dei foreldra som ikkje fylgjer opp barnet sitt. Dei veit nemleg ikkje kva dei går glipp av. Likevel veit eg at det alltid vil vera elevar i skulen som kunne fått betre oppfylgjing heima.




Kjelder:
Frislid Martha Elvina & Traavik Hilde, Boka om GLSM, Universitetsforlaget 2006
Grue Eiliv & Fatland Torunn, God skulestart, HS Grafiske bedrifter, 2003
Opplæringslova:
http://www.lovdata.no/all/nl-19980717-061.html

2 kommentarer:

Anonym sa...

Hei Anna Kristin!

Jeg har selv skrevet et innlegg om dette temaet, men da jeg leste din så lærte jeg noe nytt. Jeg liker innlegg som gir en utbytte og en følelse av å ha lært noe nytt.

Det var veldig bra skrevet og jeg syntes du har fått med deg mye vesentlig.

Hilsen Ina

Ane Kesia sa...

Hei!:)
Jeg velger å trekke ut sikkordet "Tillitsforholdet bør vera gjensidig"..fra dette viktige temainnlegget.
Foreldre er de viktigste forbildene for sine barn, og læraren har ansvar for barnet store deler av dagen. Bare dette setter mal for at dersom skole og læringsmiljø skal være til det beste for barnet må samarbeidet mellom skole og hjem være bra.

Lærarar har taushetsplikt om det foreldra ønsker å snakka om...dette er også en viktig faktor, og særlig i forbindelse med viklingssamtale/ konferansetime.
Flotte regler du til avslutningsvis summerer opp..gode råd...men er kanskje tolv veldig mange. Skulle ønske disse kom i en mer kortfattet form. Disse er viktige, men for dem som virkelig trenger litt mer omsorg...og oppfølging... blir disse lest???
Vi har jo begge her erfaring å mimre på..kanskje det som jeg liker minst...er det stresset rundt de 20 min ( alt for liten tid) for den samtalen pr halvår. Kan det løser på en bedre måte...håper jeg klarer å gjøre noe med det når jeg selv står ovenfor utviklingssamtaler:):)
Flott at du valgte dette tema:).)
Viktig!!
Kesia:)