lørdag 18. oktober 2008

Innlegg 3/oktober 2008

Skrivedans/korleis frie rørsler vert til konkrete linjer!









I dette innlegget skal eg skriva om skrivedans. Eg hadde ikkje høyrt om skrivedans før son min byrja i 1. klasse, for 4 år sidan. Då gjennomførte klassen hans eit skrivedans-kurs, som alle elevane likte svært godt. Som mor følte eg at han hadde stort utbyte av skrivedansen, med tanke på utviklinga av handskrifta. Det er derfor eg vil setja meg inn i denne metoden, slik at eg kan sjå om eg ein gong vil prøva metoden på mine framtidige elevar.

Kva er skrivedans?

Skrivedans I er berekna for born mellom 5 til ca. 8 år, og hjelper dei med å utvikla grov- og finmotorikken. Det handlar ikkje om innlæring av bokstavar, men om innlæring av førebuande rørsler, medan borna samstundes vert vane med å sjå og leika med bokstavar. Det er eit samspel mellom leik, musikk og rørsle.
I Skrivedans I vert det arbeidd med bokstavformene i eit samspel med skriverørsla. Dette skal føra fram til ei personleg, rytmisk og lesbar handskrift. (Oussoren-Voors, 1995)

Kven har utvikla metoden?

Ragnhild Oussoren-Voors er fødd i Holland, men har budd i ei årrekkja i Sverige. Ho har medverka til innføringa av Skrivedans i Sverige og Holland. Ho er skrivepedagog, skriftpsykolog og grafolog. Ho har praktisert skrivedans i 10 år i ulike grupper, i tillegg til individuelt arbeid med born som har lærevanskar.
Dottera hennar Ariane, har vore med på å utvikla metoden. Ariane var med på mange eksperiment i frå ho var 2 år, og saman fekk dei mange idear til ulike rørsler og leikar.











Skrivedans-programmet!

Skrivedans kurset inneheld eit program som går over 9 veker. Det høver best å starta om hausten. Kvar veka har eit spesielt tema, som vert øvd og bearbeidd med grovmotoriske øvingar til musikk, individuelle oppgåver utan musikk, leik med fargar og papir som vert utført parvis, og rim og regler med same tema. Fyrste dag skal øvingane gjerast til musikk. Andre dag same tema, men då utan musikk. Tredje, fjerde og femte dag skal innehalda aktivitetar der borna skal samarbeida to og to. Det er leik med papir og fargar, song og regler til temaet for veka.

Det er 9 tema, eitt for kvar veka:

Vulkanen: Oppvarming, ei befriande kjensle. Stimulering av skriverørsla. Skapar mogleik for samtale og diskusjon om kropp og kjensler.

Landskapsvandring/krångelidång: Stimulering av fantasien,. Fremjar avslapping, og kan derfor gjera ”klassens klovn” uroleg. Mogleik for samtale om ”si eiga verd” og draumar.

Sirklar og åttetal: Gjev ro, stemningar og trygge kjensler. Stimulerer kryssrørsler mellom auga og hjerne. Logisk tankegang. Fremjar det problem- og konfliktløysande. Stimulerer ei flytande skriverørsle.

Strek-vinkel og robot: Bekreftar ”eg”-kjensla. Oppvarming. Kroppskoordinasjon. Sjølvstende og evna til å halda ut.

Toget: Stimulerer motsette signal. Aukar skrivefarten og bokstavsamanbindinga.

Treet som veks: Fremjar kroppsleg og skriftleg rørslekoordinasjon. Stimulerer disiplin og spontanitet, organinsasjon og improvisasjon.

Sølvvengjer over havet: Motiverer flytande skriverørsler. Fremjar forståing om skilnaden mellom avslappa og spent. Stimulerer diskusjon om opplevingar og kjensler.

Katt: Stimulerer kroppsmedvit, hand-, auge-, og øyrekoordinasjon. Viktige rørsler til å fremja bokstavsamanbindinga.

Madala-rett og rundt: mandala=ein strålesirkel rundt omkring oss): Auge- og organisasjonstrening. Stimulerer ”eg”-medvitet, og ansvarskjensla. Aukar tryggleiken i grunnrørslene gjennom ein forkorta kombinasjon av alle veketema.
I mange av øvingane vert det krevd ein samanheng mellom motorikk, persepsjon og kognisjon. Borna utfører rørslene samstundes som dei lyttar på musikken, og høyrer og ser på læraren.
Ved å nytta eit oljekritt i kvar hand trenar borna den tosidige samordninga. I tillegg vert også taktil(berøring)systemet stimulert, ved at borna held i oljekrittet og berører papiroverflata med hendene. Barna kjenner overflata av arket, og strukturen på oljekritta.
I mange veketema vert det øvt på tosidig samordning, ved at begge hendene vert nytta, og med langsame kontrollerte rørsler. Også ved kryssing av midtlinja, ved å føra hendene på kryss og tvers over papiret.
Ein må berekna ca. 30 minutt til dei grovmotoriske rørslene, og øvingane etterpå. Øvingane etterpå skal utførast på store papirark med ein eller to hender. Målet er å gå frå fri rørsler, til konkrete linjer. Dei frie kroppsrørslene vert ”programmert” inn i hjernen ved hjelp av konkrete linjer og former på papiret. Mange oppgåver vert utført med ei maska som elevane har over augene. Maska fremjar automatiseringa av skriverørsla og sjølvkjensla.
Mange av øvingane føregår til musikk. Musikken spelar ei stor rolle, fordi den inspirerer hjernen til å finna rytmiske og harmoniske kroppsrørsler og uttrykksformer. Metoden legg vekt på å hjelpa elevane med å frigjera fantasien, og oppleva og utvikla heile personlegdomen. (Oussoren-Voors, 1995)

Det er viktig at dei ulike skrivedans-oppgåvene på 10-15 min., vert utført kvar dag.
Motorisk øving har ein positiv effekt på konsentrasjonen, og utviklar kreativitet og arbeidsgleda. Og til sist, ei leseleg, personleg og rytmisk samanhengjande handskrift. Glade born, er harmoniske born. (Oussoren-Voors, 1995)

Om våren går ein i gjennom det same programmet att. Elevane kjenner då att musikken, bearbeidar dei ulike oppgåvene gjennom variasjon av rørsleoppgåvene og leiken. Dei får frie val til å skapa og fantasera. Det er elevane sine eigne kreative idear som skapar ei flytande nyansering av handskrifta.
Målet er at borna skal verta ”rørslemodne” på ein naturleg og leikande måte.
Innlæring av bokstavane sine grunnformer og samanbindinga (i Skrivedans II) vert då logisk, og skrivinga vert ein automatisk prosess med mindre frustrasjonar og ”forstyrrande kråketær”.
Skrivedans II har same form som Skrivedans I, men med andre musikkstykke og skriveoppgåver, i tillegg til rimord og ”korrekte” ord. Det er meininga at dei fleste elevar i slutten av 3. trinn, skal kunna skriva ei samanhengjande skrift utan å tenkja, men å oppleva med kropp og sjel. (Oussoren-Voors, 1995)



I kva alder er det best å byrja med skrivedans?

Skrivedansmetoden er skapt for born og vaksne mellom 5 og 85 år! Det er aldri for seint å byrja å trena på grovmotoriske øvingar! Men i 1. klasse skjer leseundervisninga samstundes med innlæringa av bokstavar og tal. Det er i denne perioden, når borna enno ikkje er skrivemodne, at ein bør trena på dei viktige skriverørslene. Dette gjeld spesielt gutar og motorisk svake born. Metoden kan også utførast med dei eldste borna i barnehagen.
I frå 2. til 4. klasse har borna god nytte av dei grov- og finmotoriske øvingane. (Oussoren-Voors, 1995)


Å læra å skriva…..

Kan ein samanlika med å læra å dansa. For å kunna utføra ein dans, må me fyrst læra oss nokre steg, t.d. fram-tilbake, til sida, og til venstre. Å halda kroppen sin i balanse samstundes, er ikkje lett for alle. Hjernen, musklane, nervene, armane og beina, alt skal arbeida saman for å kunna utføra den dansen me har bestemt oss for. Jo meir me øver, dess betre går det!
Slik er det med skriveinnlæringa også. Dei små rørslene som me ser på papiret, er faktisk ein dans. Hjarta vårt slår den individuelle takten, og orda er musikken og rytmen. Sjølv om kroppen er stille når me skriv, rører musklane seg. Nerver, tankar, kjensler og hjerne får heile tida nye signal. Gjennom kroppen sine rørsler, vert hjernen innprogrammert. Store kroppsrørsler fører til små ”dansetrinn”, som vert kalla handskrifta. Det er derfor det vert kalla skrivedans! (Oussoren-Voors, 1995)




Litt refleksjonar:

Det står veldig godt forklart korleis ein skal utføra skrivedansen i boka. Så det er ikkje vanskeleg for lærarar å setja seg inn i metoden. For å verta maksimalt inspirert er det kanskje lurt å melda seg på eit kurs, eller snakka med andre lærarar som har praktisk erfaring med metoden. Eg har i alle fall tru på at skrivedansen fører til ei betre handskrift for kvar einskild elev. I tilegg får elevane øvd inn mange viktige omgrep som t.d. rett, vinkel, bua, loddrett. Og både elevar og lærar får mange kjekke veker!





Kjelder:
Oussoren-Voors, Ragnhild Skrivedans, Klitrose 1995

4 kommentarer:

Kari sa...

Hei Anna Kristin!

Dette var interessant lesing! Har aldri hørt om skrivedans før, jeg! Men det er noe jeg kunne tenkt meg å finne ut mer om, for som du sier, kanskje å prøve metoden på egne elever en gang. Lurer på om det finnes kurs om dette på Stord? eller Tysnes?

Synes som sagt det var kjekt å lese innlegget ditt. For det første har du skrevet om noe som ingen andre har skrevet om. For det andre har jeg aldri hørt om skrivedans før, så dette var helt nytt for meg.

Jeg synes at du har forklart greit og oversiktlig hva det går ut på. Innlegget er delt opp i passelige avsnitt, noe som gjør det lett og lese.

Dette er definitivt noe jeg kommer til å spørre mer om :-)

Du skriver til slutt at du har stor tro på metoden. Betyr det at sønnen din og hans klassekamerater har hatt godt utbytte av kurset de hadde i 1 klasse?

Flott innlegg! Keep up the good work!

Kari :)

Anna Kristin sa...

Hei, Kari!

Ja, eg syntest Arild (son min) hadde stort utbytte av skrivedansen. Det same sa andre foreldre eg snakka med! Eg veit ikkje om det er kurs her på Tysnes, men eg kjenner ho som underviser i skrivedansen, så ho hadde kanskje sagt ja til eit kurs? Klassen til Arild var den fyrste klassen som fekk prøva ut skrivedansen på Uggdal Skule. Dei har halde fram med det etterpå, og det tyder vel at det er fleire som har sett at elevane har stor nytte av skrivedansen!

Mvh
Anna Kristin

Anonym sa...

Hei Anna Kristin!

Dette var et interessant innlegg å lese. Innlegget var godt strukturert, samtidig som det var lett å lese:)

I praksis på 1. trinn fikk jeg se en økt med skrivedans, jeg må si jeg syntes metoden virket lærerik og morsom. Siden jeg bare fikk sett innføringen av skrivedansen vet jeg ikke hvordan den ellers forløp. Selv tror jeg, etter å ha lest innlegget ditt, at skrivedans er en god måte for elevene å trene opp skriveferdigheter og finmotorikk på.

Line

Camilla sa...

Hei!

Skulle kommentere dette, men kommenterte nr. 2. Men da fikk jeg lese enda ett av dine innlegg, noe som jeg syns var kjet;)

Skrivedans syns jeg virker kjempe spennende. Når jeg var i praksis i høst på 1. trinn fikk se hvordan de innførte skrivedansen i klassen. I forkant syns jeg at det virket litt rart og vanskelig å gjennomføre, men etter å ha sett det syms jeg a det var kjempe "snålt".

Det som fasinerte aller mest var hvor engasjerte barna var på samme måte som de var konsentrerte og gjorde som de fikk beskjed om.

Camilla