søndag 7. desember 2008

Refleksjonsnotat hausten 2008



Denne hausten fekk me velja kva tema me ville skriva om sjølve, berre det hadde med dei små i skulen å gjera. I fjor skulle me blogga etter kvar pedagogikk-økt. Då sleit eg ofte med å finna mine eigne ord og erfaringar om kvart emne. Derfor likte eg mykje betre at me fekk meir frie tøylar i haust. Eg valte då tema som eg er ekstra oppteken av, og då vert det automatisk lettare å skriva. Nokre av dei tema som eg skreiv om, visste eg ikkje så mykje om i frå før. Slik fekk eg etter kvart ny kunnskap. Eg synest derfor at eg har lært mykje i denne prosessen. Eg har lese og lært av andre sine blogg-innlegg i tillegg.
Det som var vanskeleg, var å kommentera andre sine innlegg. Gode innlegg gjekk det forholdsvis greitt å kommentera. Nokre innlegg, som eg ikkje syntest var like bra, var verst å kommentera. Så nokre av kommentarane mine var eg ikkje nøgd med, sjølv om eg jobba ein del med dei. Eg veit at det er veldig viktig for oss framtidige lærarar å trena seg i dette. Så eg håpar at det vert lettare dess meir øving me får.
Tidspresset me hadde med innlegga var òg ein erfaring å ta med seg. Personleg likar eg ikkje å ha for mange ting ”hengjande over meg”. Dårleg samvit for alt eg skulle gjort, er ikkje godt å gå å tenkja på. Derfor likar eg å gjera ferdig arbeidsoppgåvene i tide, og nyta den gode kjensla med å vera nøgd med innsatsen min i etterkant. Eg var sein med å leggja ut det fyrste innlegget mitt, fordi eg var redd for korleis det var i høve til andre sine innlegg. Så eg las fleire andre blogg-innlegg i starten, og fekk dermed litt prestasjonsangst. Etter Birgit sin fyrste ”tordentale” (som me trong), la eg ut innlegget mitt.
For blogginga sin del var det ikkje heldig at praksis og GLSM-perioden kom etter kvarandre.
I dei sju vekene, klarte i alle fall ikkje eg å tenkja på blogg-innlegga. Eg hadde meir enn nok med å konsentrera meg om det eg heldt på med akkurat der og då. Men eg kom i havn, og ventar i spenning på kva Birgit finn på i det nye året!

God jul til alle!


Ingen kommentarer: